– Stor interesse for lokale ord og uttrykk

Chris Lunde med nokre av namn- og uttrykk-produkta frå Vois Design. (Foto: Steinar Hystad)

«Har da på tongo». «Hon pitle» «Sutalaust» «Kan no kje klaga» «Da e so gale at da gaula»  «Å du hendelse» «Bala me’?»

Etter kvart er Chris Lunde blitt  stordabuen med best greie på dei mest brukte spesielle lokale ord og uttrykk i Vestland fylke – og vidare med.  Informasjon han vernar om  og spreier på ein spesiell måte.  Frå  (heime-)firmaet  Vois Design blir det via nettet (for det meste)  sendt  kaffikoppar  med påskrift, t-skjorter  med påskrift, handlenett og vesker med påskrift, forkle med god-ord eller  hettegenser  med  sanningsorda «Verdens beste pappa kjem frå Vestlandet». Og ikkje minst: – kommuneplakatar  med mengder av  lokal  namn, ord og uttrykk.

– Fekk ein ide om å prøva laga eit slikt kart  for Stord, det blei så godt motteke at me prøvde oss vidare og kan no visa til 27 kommunar  i Vestland, ein del i Rogaland og litt rundt i landet elles. Tilbakemeldingane er gode og  me får stadig stadfesting på stor interesse for å ta vare på ultralokale nemningar.  Nettet er ein god hjelpar også når me skal finna namn og uttrykk rundt om. Og fjesboka, sjølvsagt. Der kan me spørja oss fram, og mange vil  bidra med det særmerka frå sin kommune, fortel lunde til stordront.no.  Han møtte sitt heimepublikum på sist julemesse i Kulturhuset.