Rashinder i Geitåsen

Sterk mur hindrar no utrasing i Geitåsen (Foto: Steinar Hystad)

Ein mektig steinmur er sett opp for å hindra meir utrasing  av jord og stein i den delen av Fjellgardsvegen som har namnet Geitåsen.   Tidvis kunne det vera ras så ofte at det vart ei plage for vegeigar Stord kommune og vegbrukarar , difor vart det teke affære og bygt mur.  Stord Anlegg  har vore utøvande entreprenør.

For lokalnamninteresserte kan det leggjast til at når du kjem til topps på brekka i Geitåsen, er du på Presthaugshavet og i krysset der går ein veg til Lundsseter og ein opp Perolabrekko mot Haugland..