Fann lun hamn for «LUN II» på Vikanes

«LUN II» ved kai i Ottesvikjo på Vikanes. (Foto: Steinar Hystad)

– Nybygget på dekket der, har me bygt under opphaldet på Stord. Kan sjå ut som eit styrehus, men det er det ikkje, me har nemleg laga oss nytt kjøken på dekk. Det vil gjera kokinga enklare enn nede i «ruffen»  forut. Kursen held me med direkte rorstyring frå utandørs posisjon akter, slik har det vore i alle 109 åra galeasen vår har segla.

Cyrille Humbert, ein av mannskapet på tre, peikar mot det kvite huset rett bak lasteluka  når han fortel om nyvinninga om bord. Dei har også nytta opphaldet  hjå Skipstømraren og verven på Jensaneset og seinare ved kai i Ottersvikjo på Vikanes til å reia eit lite krypinn for domanøvrar. Når skuta har gjester om bord, er det naturleg trong for visse fasilitetar.  Som dusjvatn kokt opp på ved. Same bli gjort med matlaging og lugarvarme, små vedomnar gjer den jobben. I det heile har franskmennene som eig  galeasen lagt vinn på halde alt så autentisk som mogleg. 

Cyrille Humbert er mannskap på «LUN II» – og viser her dent nye byssa bygt under opphaldet på Stord. Trevirket er nytt, dører vindu mm er gjenbruk. (Foto: Steinar Hystad)

«LUN II» vart sjøsett frå verft på Vestnes  i 1914 og var då 49 fot, etter eit par lengingar er han no 68 fot lang og har soge som stadfestar både fiske og fraktefart . Siste langtur for noverande reiarar var ein 80 dagars  seglas frå Frankrike til Columbia  med retur til Nederland med 30 tonn kaffi i rommet.

I helga som vart segla heiste og «LUN II» drog nordover mot Lofoten, der  den stolte seglar skal vera flytande  ferieheim for friskus som skal testa ski  i lokale brattheng. Ferdig med den sesongen inntar eit forskarteam  fartyet og det blir rigga til laboratorium i nyekjøkenet.

– Du må få med at me har hatt eit flott opphald på Stord, med god hjelp og  så har me treft masse kjekke folk som har vore veldig interesserte i skuta vår, helsa  mannskapet då stordront.no steig i land.

Koking skjer på gode vedomnar – dei spreier også varm om bord. (Foto: Steinar Hystad)