Frå turgåar som gjekk frå Sjoalemyro mot Grov i helga, kjem tips om at det på strekningen er blese ned ein del tre som har lagt seg over vegbanen. Det går å klatra seg framom til fots, men har ein med seg sykkel eller anna rullande framkomstmiddel, blir forsering ei frisk utfordring.