Til Leirvik –  men feil Leirvik

Jovisst er det mogleg å ta feil Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Ein ny landsmann ukjent med dei særnorske namnevala som kan gje same namn på ulike stader i landet, var litt idla ute i helga. Samnamn kan gjera sitt til at det blir teke feil val, og det var kva han som skulle til Leirvik i Sogn. Han valte båten som skulle frå Bergen til mellom anna Leirvik på Stord, fortel Bergens Tidende.  

Her gjekk mannen i land og vart vandrande i sterk uvisse om kva han hadde hamna, politi på patrulje fekk kontakt og mannen vart hjelpt vidare med kystbuss og bussen til Sogn då han var attende i byen.

Hendinga fekk oss til å minnast ein sein laurdagskveld  for i alle fall fire tiår sidan . Den gongen gjekk Riksveg 14 over Stord og det var ei ferje i sambandet  Halhjem –  Sandvikvåg med avgang ein gong i timen (på gode dagar). I krysset Bandadalen/Vikebrekko stoppa ein liten lastebil med tyske skilt og ein fortvila sjåfør rulla ned vindaua og spurde «können sie mir helfen».  Han lurte på kor han var i høve til eit skipsveft  i Leirvik i Sogn. På lasteplanet hadde han ein båtmotor som skulle leverast.

Når me fekk forklart at han var sør i eit fylket langt sør for Sogn og Fjordane, vart tyskaren sterkt undrande.

– Då eg køyrde i land frå ferja (frå Cuxhafen) såg eg rett på skiltet som peika sørover mot  Leirvik – og følgde den retningen. Så hipsa sjåføren ein smule oppgjeven på skuldrene snudde bilen og sette kursen nordover.