Mange nye innsjøar å sjå

Jorda klarar ikkje lenger svelja unna nedbøren og då blir det nye innsjøar. (Foto: Steinar Hystad)

Eit uttrykk av gamalt opphav  stakk seg fram i skolten  på ein biltur  over Fjellgardane  i sipveret fredag.  – No er jorda  vass-sjuk, det trengst ikkje ein dråpe meir nedbør, sa ein gjerne når innmarka hadde fått så mykje væte at det viste seg på overflata i form av nye innsjøar.

– Ein haust det regna kolossalt i vekevis, ryktast det frå Fitjar at dei der ville be trålarar frå Austevoll svinga innom  åkrane og vera med i potetopptaket. Alt sto onde i vatn.