Nyttig nytt på Vikjo

Her skal sneipen heretter (Foto: Steinar Hystad)

Stordront.no  har som mål og motto å dekkja dei ultralokale  nyhende, små og litt større. I den samanheng er det berre rett og rimeleg at det blir omtalt, at  kaiområdet i byen vår har fått ein praktisk nyinstallasjon på plass. Ved Bytunet står no eit  splitter nytt stort  askebeger, slik at det ikkje skal vera tvil om kvar  sneipen skal  puttast etter røykepausen.   Jo, takk – da kjeme seg stadig på Vikjo.