Magnus Mjør vil søkja om pensjon frå fylte 62 år

Rådmann Magnus Mjør (Foto: Privat)

Stord kommune vil orientera om at Magnus Mjør etter lengre tids sjukemelding vil søkja om pensjon frå han fyller 62 i juni i år.

Magnus Mjør kom til Stord kommune som rådmann i 2008. Stillinga som rådmann kan på mange vis framstillast som navet i ein kommune. Rådmannen er øvste leiar for alle dei tilsette i kommunen, samstundes som rådmannen skal leggja til rette for at dei folkevalde har best mogleg grunnlag for politisk styring av kommunen. Rådmannen skal saman med administrasjonen og dei tilsette utføra og setja i verk dei vedtaka som er fatta i folkevalde organ. 

Det å vera rådmann er ei av dei mest komplekse leiarstillingane som finst. Ein kommune har eit vidtfemnande ansvar for velferdstenester til innbyggjarane og samfunnsutvikling i kommunen. Utan ein god rådmann er det ikkje mogleg for dei folkevalde å forvalta sitt politiske ansvar. 

Magnus Mjør har levert godt på sine ansvarsområde i si tid som rådmann. Han har tent både sine tilsette og sine folkevalde på ein gode måte. I hans tid har Stord kommune jamt over levert gode tenester til innbyggjarane og kommunen har gjennomgått ei omfattande samfunnsutvikling. Magnus Mjør skal ha ein stor del av æra for dette. 

Stord kommune vil takka Magnus Mjør for særs godt utført leiarskap i alle dei åra han har vore rådmann. Magnus Mjør etterlet seg ein kommune i god stand. Stord kommune ønskjer Magnus Mjør det beste i tida som pensjonist. 

– Eg har sett stor pris på samarbeidet eg har hatt med Magnus, seier ordførar Gaute S. Epland. Han er svært dyktig, og har som rådmann både serva oss politikarar og leia ein stor og kompleks organisasjon på ein grundig og samvitsfull måte. Eg ønskjer Magnus alt godt i tida framover.

(Saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine nettsider – etter avtale)