Då Stord blei by:
Nei i formannskapet – ja i kommunestyret

Magne Rommetveit anka saka om bystatus inn for kommunestyret – der fleirtalet sa ja. (Foto: Arbeiderpartiet)

I fjor kunne Stord markera  25 år som by.  Eit skift med soga kring hendinga er på trappane, men før me får den i hende kan det vera  greitt å kikka litt i dei politiske korta som vart spelt dagane kring by-vedtaket.  Det var nemleg ikkje sjølvsagt at så skulle skje på førsommaren 1997.

Til formannskapet sitt møte 18. juni la rådmannen fram innstilling om at Stord skulle ha bystatus frå og med 1. juli det året. I grunngjevinga vart det m.a. vist til kommuneplanen som hadde med setning om at Stord skulle jobba for å bli regionssenter og at  bystatus var eit av tiltaka. Stord Næringsråd var medspelar og ivra for bynemninga.  Kommunelova var på  by-entusiastane si side, med paragrafen:

« Kommuner med over 5000 innbyggere kan ta i bruk benevnelsen by, dersom kommunen har bymessig tettsted med handels- og servicefunksjoner og konsentrert bebyggelse»  Det har jo Leirvik.

Bysmessig sentrum og 5000 innbyggjarar var minstekravet til by. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Rådmannen la opp til at formannskapet skulle senda frå seg  positiv innstilling til kommunestyret.  Det vart nedstemt,  seks av dei elleve formmennene, sa nei til bystatus.  Og saka kunne blitt avvist.

Det resulterte i at mindretalet med dåverande ordførar Magne Rommetveit  (Ap) i brodden, anka saka inn for kommunestyret. Der var det møte alt veka etter, 26. juni, og i øvste organet for dei folkevalde i Stord vart det fleirtal for å innføring  av bystatus frå same dato.