–  Så kjekt at mamma  òg må få sjå

Ein av dei mange spennande scenar i frå teateret om godhjarta Robin Hood som hjelper villungane i skogen. (Foto: Steinar Hystad)

Erle på fire år var med farfar på teater i Stord Kulturhuset sist helg. Der såg ho 27 born og ungdomar  frå Stord Teaterlag  framføra  det spennande stykket  «Robin Hood og villungane i kongens skog».   Erle, som dei mange andre  unge på tilskuarplass,  følgde forestillinga  med innleving og  hadde konklusjonen klar etter  takkeklappsalver  ved teppefall.  

– Farfar, dette var så kjekt at neste gong må mamma får vera med å sjå på.

Og akkurat det har  mamma og pappa og unge og litt eldre som har lyst på ei hyggjestund i teatersalen, høve til  laurdag og søndag komande.  Dette blir siste høva  til å møta  Robin Hood og villungane  denne våren.