Mangt å velja i på Stord – også for seniorane

Flott arrangement, sa Kåre Roaldkvam og Jakob Eldøy. (Foto: Steinar Hystad)

– Er du godt vaksen og lurer på kva som finst av aktivitetar å vera med på i kommunen din?, – vart det spurt i invitasjonen til fritidsmessa i Kulturhuset torsdag.  Invitasjonen var signert  Eining for kultur og  gruppa som jobbar for ein aldersvenleg Stord-samfunn.   I vestibylen venta svaret i form av 25 lag og organisasjonar som informerte om eit mangfald av aktivitetar som kan gjera alderdomen både spennande og lærerik.

Her fekk ein møta Stord sogelag, Frelsesarmeen,  Bua,  NAAF lokallag,  Lønning Lutlandbruk, Røde Kors, Venelaget for Leirvik fyr, Venelaget for Gruo, IKK Internasjonal kulturklubb, Stordkoret,  4H Hordaland, Trimmen,  Golfklubben,  HLF,  Husflidslaget, Leirvik Mannskor,  Stord/Fitjar turlag,  Stord revmatikarlag,  Knivklubben,  Pensjonistforbundet,  Stord Maritime Museum,  Digital helsekompetanse,  Temakafe og Brigdeklubben.

Brigdeklubben har plass til nye medlemer. Denne kvartetten viste kva spelet går ut på. (Foto: Steinar Hystad)
Fullsett kunsthall høyde «bjørnen fra Stord», som Paal Clasen sa – fortelja om sine 77 år i Stordidretten. (Foto: Steinar Hystad)

I Kunsthallen måtte det fraktast inn fleire ekstra lass med klappstolar  for gi sitjeplass til dei mange som ville høyra  Lars Mugaas  fortelja om sine 77  år i Stordidretten.  I ein alder av 87 år er han framleis ein del av den aktive idretten – no som instruktør for «gubbetrimmen» på Hystad skule to kveldar i veka.  – Der er det plass til fleire, sa han – som ei påminning om at  bøy og tøy og balanseøving er viktigare desse fleire åra våre blir.

I vestibylen kunne frammøtet toppast med nyyydelege nysteikte lappar frå  bygdekvinnelaget.

Eit alle tider arrangemenet, som kommunen skal ha all god honnør for, var den gjengse kommentar frå  dei  stordront.no  prata med.

Stord Bygdekvinnelag freista med nysteikte lappar (Foto: Steinar Hystad)