Mange reaksjonar på dobla  kommunal vassavgift

(Ill.foto)

Frøste dagane denne månaden sende Stord kommune ut januarrekningen på kommunale avgifter. Til grunn ligg nytt regulaltiv, vedteke på budsjettetmøtet i kommunestyre i novemb er i fjor.  Mange fekk seg ei overrasking i form at  ganske mykje  meir å betala for ein månad enn tilfellet  var i fjor.  Siste dagane har kommunen fått ei rekkja spørsmål om kva som har skjedd og kva som er endra. Kommunen har førebels svart med å leggja ut denne meldinga:

«Den nye forskrifta gjeld fastsetjing av berekning og innbetaling av gebyr for vass- og avløpstenester i kommunen og gjeld frå 1.januar 2023. Det vil medføra endring i gebyra. Dette grunna endring av pris og reglar for fastsetjing av gebyr. (Les meir om forskrifta og gebyra her: Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Stord kommune, Vestland Forskrift med kommentarar og rettleiingstekst.Gebyrregulativ 2023

Konkret til spørsmålet om dobla vassavgift, opplyser kommunen:

– Fleire av spørsmåla me mottek gjeld endring av gebyr på eigedomar som har to bueiningar, til dømes einebustad med hybel-/sokkelhusvære. For desse gjeld følgjande: I samband med ny forskrift om vass- og avløpsgebyr, Stord kommune, Vestland har Stord kommunestyre vedteke at det skal betalast abonnementsgebyr som ein fast sats per bueining i matrikkelen. Det vil sei at dersom det er to bueiningar på ein eigedom, skal det betalast for to abonnement for vatn og avløp.

Kommunen ber dei som har spørsmål i saka ta kontakt skriftleg på e-post, post@stord.kommune.no. Opplys m.a. om kva gards- og bruksnummer/adresse det gjeld.