– Flytesnøggbåtkai er vurdert

I Bodø har snøggbåtane lendingsplass ved sentral plassert flytekai (Foto: Bodø Hamn, webkamera)

Som Leirvik, har også Bodø hamn stor trafikk av snøggbåtar. I nordlandsbyen lendar desse båtane til ein flytekai som stikk ut i hamnebassenget ganske så tett på bykjernen. Eit  naturleg spørsmål å stilla i diskusjonen om mellombles lending for snøggbåtar medan hotell skal byggjast på Nattrutekaien, er om flytekai kan vera eit alternativ til å bruka Skotabergkaien?

– Jo, eit alternativ kan det vera, men løysinga har ein svært høg kostand, opplyser hamnesjef Inge Espenes.

– På seinhausten i fjor såg me nærare på flytekai og fekk innspel  frå mannskap på hurtigbåtane og Norled om at det si så fall måtte vera solide saker som vart lag ut i hamn. Ein kraftig nordsjølekter var det ønskelege. Innhenta prisar for leige i 540 dagar  (halvtanna år) gav eit kostnadsrame på 6.5 millionar kroner.

Espenes stadfestar at det førebels ikkje er teke stilling til kva som blir dei endeleg løysingane på kaibruken i ein eventuell byggjeperioden  på Nattrutekaien.  I mai blir det teke endeleg avgjerd om hotellplanane skal gjennomførast.