Tesla har inngått leigeavtale for 12 ladeplassar på den kommunale parkeringsplassen på Vabakkjen. Avtalen inneber at dei seks kommunale landepunkta i enden av plassen (mot Vikastemmo) blir tekne vekk.
– Tidlegare var det gjerne slik at Tesla sine ladestasjonar var mynta på «eigne» bilar, ei ordning det no er slutt på. Punkta som blir oppretta vil vera opna for alle typar el-bilar, opplyser Arne Bjelland i tekniske tenester til stordront.no.
Med denne etableringa blir det dobbel landekapasitet på den store kommunale parkeringsplassen. I tillegg er det på Vabakkjen ladepunkt ved Circle K og bak brannstasjonstomta. Dei to sistnemnde er privat drivne.