Kan bli kamp om Skotabergkaien

Blir det plass til alle – seilforeningen, ambulansen og 70 meter snøggbåtterminal? (Foto: Steinar Hystad)

Som ei mellombels ordning medan det blir bygt hotell på Nattrutekaien, ser Skyss Skotabergkaien som beste alternativet  som lendingsstad for snøggbåtar i Sunnhordlandsruta.

Dette kjem fram i e-post trafikkselskapet har sendt hamnesjefen i Stord. 

– Blir dette alternativet valt ser me behov for tilrettelegging av gangareal mellom Skotabergkaien og Leirvik bussterminal og leskur på kaien, om mogleg, skriv skyss.  Og legg til :

– Bruk av Skotabergkaien føreset 70 meter ledig kaiplass. Planlagt ny flytebrygge (seilforeningen) kan ikkje ha farty liggjande på sida mot rutebåtane. Denne sida av flytebryggja må likevel vera fendra i tilfelle avdrift ved sterk vind. Det kan også bli trong for liggjeplass  i hamneområdet utan om dei 70 metrane.

Med denne meldinga frå Skyss kvesser kampen om fronten på Skotabergkaien seg til: seilforeningen har planar om ny flytekai, ambulansebåten ønskjer halda på lendingsplassen dei har – og no kjem Skyss med ønskje om å etablera mellombels hurtigbåtterminal.