Trur på ein framleis god arbeidsmarknad

(Foto: Steinar Hystad)

NAV registrerer 1,2 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i januar. Det er ein auke på 82 heilt ledige personar i høve desember månad.

  • Arbeidsløysa aukar noko. Dette koplar me til normale sesongvariasjonar. Me ser mellom anna ein auke blant dei permitterte i bransjar som Bygg- og anlegg og Fiskeforedling – noko som er normalt i januar. Auka er også i tråd med dei variasjonane me ser elles i fylket vårt, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Tilgangen til stillingar var høg gjennom heile 2022 og har auka ein del i januar 2023. 659 utlyste stillingar er meir enn tilgangen både i 2021 (453) og i 2019 (372).

  • Det er normalt ein del fleire stillingar tilgjengeleg i arbeidsmarknaden i januar enn mange andre månadar. Noko av dette skuldast at lærlingstillingar og enkelte sommarjobbar allereie no vert lyst ut, seier Håvard Lægreid.

NAV forventar at arbeidsløysa vil stige noko i 2023, mot eit særleg lågt nivå i 2022, men uansett halde seg lågare enn før pandemien. NAV meiner det framleis er eit særleg vindauge til å inkludere fleire i arbeidslivet med behovet som no er i arbeidsmarknaden.

  • Me er glade for det gode samarbeidet med har med enkeltarbeidsgjeverar i regionen vår. Me inviterer fleire til å ta kontakt og tenke nytt saman med oss, seier Lægreid.

IA-avtalen er forlenga

NAV registrerer ein auke i det legemeldte sjukefråværet i Sunnhordland. Talet tapte dagsverk grunna legemeldt sjukefråvær var høgare for regionen samla i 2022 enn året før.

  • Når me samstundes ser at talet AAP-mottakarar aukar, meiner eg det er tid for å sjå nærare på kva me kan gjere, slik at flest mogleg kan stå lengst mogleg i sitt arbeid, seier Håvard Lægreid

IA-avtalen frå 2019-2022 vart før nyttår forlenga med to år, etter avtale mellom partane i arbeidslivet og Regjeringa. Samstundes er det semje om å forsterke innsatsen for å redusere sjukefråvær og fråfall i arbeidslivet.

  • I førre periode fekk me ikkje utvikle og drifte verkemidla i IA-avtalen fullt ut – mykje grunna koronapandemien. Ei forlenging og styrking gir oss no høve til å arbeide vidare med verkemidla, seier avdelingsleiar i NAV Arbeidslivssenter Vestland, Anlaug Rygg Svensen.

Arbeidsplassen er hovudarenaen for IA-arbeidet. Gjennom godt og systematisk arbeid med å forebygge og redusere sjukefråvær og fråfall, skal verksemdene vera med på å skape gode inkluderingsarena i arbeidslivet.

Regionleiar i NAV Sunnhordland, Håvard Lægreid, er også nøgd med ei forlenging av verkemidla i IA-avtalen

  • I Sunnhordland samarbeider me godt om IA-oppdraget både internt i NAV og saman med verksemdene i regionen. Dette er eit arbeid me ser fram til å utvikle vidare. Det å halde på arbeidskrafta ein har, der dette er mogleg, kan truleg òg vere eit viktig bidrag for mange verksemder i den aktuelle arbeidsmarknaden, seier Lægreid.