Framtidsskepsis om bord

«Rosedoktoren» på veg til sin nøye tilmålte lendingsplass ved Skotabergkaien. Tre – til fire gonger kvart døger, legg båten til der. (Foto: Steinar Hystad)

Det vil minka på  manøverplassen for «Rosedoktoren» dersom det kjem endå ein flytekai i indre Leirvik hamn. Om bord vert det meldt om skepsis til korleis lendingstilhøva kan bli ved Skotabergkaien.

Det skulle vera kjent nok, at det hastar å koma til kai når ein har båreliggjande pasientar som passasjerar.   «Rosedoktoren»  frekventerer Leirvik tre til fire gonger kvart døger, året gjennom.

Når pasient skal flyttast frå båt til bil for vidare transport til sjukehuset, er ønskjet  frå ambulansepersonell og helseføretak at det skjer på beste diskret måte. Det var det lite høve til då båten la til langs Nattrutekaien, som han gjorde i mange mange år. Flytting til fast lendingsplass ved Skotabergkaien har vore eit gode i så måte. Der kan overføring av pasientar skje utan «innsyn».

Den nye flytekaien for seilforeningen, som også blir båthamn, er planlagt ut frå Skotabergkaien i bakkant av lengda avsett til «Rosedoktoren». 

«Rosedoktoren»  har fast plass ved Skotabergkaien, der  pasientoverføringa  frå båt til bil skjer på god diskret måte. (Arkivfoto: Steinar Hystad)