Utviding i veghistorisk område av E39

Det nye fortauet byrja visa att i lendet langs E39. (Foto: Steinar Hystad)

Med to kraftige gravemaskinar, ei kraftig boregeit og lastebil  er mannskap  frå entreprenør K. Volden Transport  for tida i fullt arbeid med å byggja  fortau Lang E39 frå Færøysund mot Skotet. Eit framhald på  gang/sykkelvegen som nyleg er bygt frå  Sandvikvåg. Under fortauet skal det leggjast strekkerøyr  for elkablar og det blir laga fundament for veglys

Det historisk særmerkte  for parsellen som no blir utvida,  er at det var nett i dette området  første arbeida med det som er blitt dagens tofelts E39 tok til.  Det skjedde med rein handamakt.  I boka  «Langenuen var hovudvegen» som kom på markanden i 2010, er storhendinga omtalt:

«Handbor, feisel, sleggje, dynamitt og balansetralla. Dette var det grove anleggsutstyret arbeidslaget  Lorents Eide var i, vart utstyrt med då dei byrja byggja riksvegen vidare sørover frå Færøysund. Året var 1944 og 18 år gamle Eide var feien han hadde fått seg jobb, – og det bortimot på heimebane.  Halvannan times gange frå garden på Raunholm såg han ikkje som noko heft.

Lorents Eide peikar mot skjeringa ved Skotet, nord for Engevik, der han byrja riksvegbygging med handamakt i 1944. (Foto: Steinar Hystad)

Det vart nokre timar med bor og sleggje for å laga skytehol . Når steinane var lause, var det å frakta dei til tippeplass eller me brukte dei til å mura.  Største steinane  fekk me plassert ved hjelp av balansetralla med eitt hjul.  Ein innretning som var lealaus slik at me kunne rulla steinane innpå og likeså – rulla dei av der dei passa i røysa  eller muren.  Tunge løft vart det naturlegvis, men samarbeidet var godt i laget.

– Me skifta på å slå og halda boret, den smule vern me hadde var i form av ullvottar på nevane. Det gjekk godt, slåaren hadde å treffa. Viktig i den typen arbeid var alltid å ha godt slipte borar for handa. «

Gjennom grenda Engevik og like til svingane i Vistvik vart  riksvegen bygt for hand.  Derfrå vart det  borestøtte å få frå Johannes Sandvik som hadde investert i traktor med kompressor bakpå.

– Reine revolusjonen, kommenterte Eide.  1. juni  1965 var  austsidevegen  på Stordøy  ferdig til bruk –  21 år etter første salva small ved Færøysund.