Namneskifte og flytting

Ledige lokale, etter at Samarbeidsrådet/Sunnhordlandsrådet har flytta verksemda si til Vabakkjen. (Foto: Steinar Hystad)

Ei av dei politiske saker til behandling i Stord formannskap første dagen i februar, er å godkjenna skifte av eit namn dei fleste oppsitjarar sør i Vestland kjenner godt. I saksførelegget informerer rådmannen i Stord såleis:

«Samarbeidsrådet for Sunnhordland har ved fleire høve fått tilbakemeldingar på at selskapsnamnet er for langt, og at det er lite forklarande knytt til kven ein er og kva oppgåver ein skal gjennomføre. I Samarbeidsrådet for Sunnhordland si strategisamling som vart gjennomført 17.06.22, kom det fram at regionrådet ønskte ei sak om eventuell endring av selskapsnamn på agendaen og drøfta samtidig at eit alternativt selskapsnamn til dømes kunne vera Sunnhordlandsrådet IKS.»

Seinare på hausten i fjor gjorde representantskapet i rådet vedtak om slik endring, men før skiftet kan seiast å vera endeleg må  nytt namn godkjennast av «eigarane»,  kommunane i regionen. Rådmannen i Stord går for JA-svar.

– Det vart naturleg å ha saka oppe til vurdering hausten 2022, då Samarbeidsrådet skulle flytte til nye lokale 01.01.23 og det i samband med dette skulle gjennomførast skilting av det nye lokalet, opplyser rådmannen vidare. Dei som har sin daglege gang i Øvre Borggata på Leirvik har merka seg at  kontora  i «Risangården» vis a vis Turnhallen no står tomme, medan Sunnhordlandsrådet IKS (interkommunalt selskap) har fått ny kontordresse på  Vabakkjen. På møtet fredag komande, blir forslag til ny logo for rådet presentert.