Siste døgera har bydd på enormt med nedbør, noko som har ført til nye elvar for regnvatnet si ferd til sjøs. Som det gjorde søndag mellom Vikastemmo og parkeringsplassen nedom skeisebanen på Vikahaugane. Der fløymde det over gangvegane og ein måtte vassa eller lura seg på ut i lendet for å kom sikkert fram. Enklare då for endene i området, som berre la seg på svøm på dei nye vassvegane.
Som dei fødde optimistar me er, høyrde me godt etter då vèrvarslaren i radioen nemnde på at det kunne letta utover i veka.