Meir enn fullsett for Herrens Glade Gutter

Herrens Glade Gutter å høyra i Horneland bedehus fredag kveld. (Foto: Steinar Hystad)

Eit kvartes tid før konsertstart var det allereie fullsett  på dei 155 stolane som er å finna i Horneland bedehus. – Ja, me hadde faktisk rekna med stinn brakke her i kveld, skjemta Roald Drønen i då han introduserte musikarar og songarar i  nyaste «bandet» på øya:  Herrens Glade Gutter frå Fitjar.  

Etter suksesskonsert i Bekkjarvik  søndag, tok dei turen sør til Horneland fredag kveld. 

Det spesielle for denne glade gutegjengen  er pianist og trekkspelar heiter Harald Rydland og rytmegitaristen heiter Sigurd Maraas – høvesvis ordførar og varordførar i Fitjar kommune. 

Låtar frå Elvis og Broder Åge fylte programmet, som vart motteke med rikeleg applaus.