Laurdag 4. februar kjem Audun Nordhus til Gruo pub i Sagvåg for fortelja om sine strabasiøse eventyr på havet: Har runda Kapp Horn, kryssa Beringstredet, segla over Nordsjøen til Shetland, alt i små båtar og med livet som innsats. Leiteaksjon har vore i gang og «overfartane» har hatt besøkt av sterke stormar.
Åge Stokken er intervjuar og vert for kvelden. Erik Jørgensen er med og serverer fine melodier og viser ,har blant anna tonesett ein tekst av vår alles kjære rimsmed Gustav Rasmussen.
Velkomne til ein koseleg maritim kveld på Gruo pub , heiter det i invitasjonen frå Sagvåg.