Ny veg høgt på ønskjelista

Planen er at ny veg skal føra frå Tysevegen/Ådlandsvegen rett gjennom skog og mark til møte med Sævgen. (Foto: Steinar Hystad)

Om ikkje den påtenkte og planlagde avlastingsvegen er på den kommunale arbeidslista, så står ny veg frå Ådland over  Frugardselva til Sæ høgt på den kommunale ønskjelista.

Det stadfestar ordførar Gaute Epland i ein prat med stordront.no.

Frå krysset der Tysevegen møter Ådlandsvegen, er den ny traseen teikna  inn på kartet med «ankomst»  Sæ-vegen litt nedfor bussanlegget. Alt i  planstadiet vart  vegen omtalt som viktig for å  leia dagens gjennomgangstrafikk i Borggata og Skrivarvegen utanom sentrum og inn på E39.

I dei første planane var vegen Ådland-Sæ  eit prosjekt å finansiera  gjennom Stord sin eigen bompengepakke – men den blei nedstemt i kommunestyret. Stikkene som viste traseløysing i lendet vart tekne inn. Sidan har tiltaket lege som eit ønskje i områdeplanen for Frugarden

–  Vegplanane er ikkje å sjå på den kommunale arbeidslista?

– Der skal dei heller ikkje vera, sidan det er snakk om ei lenging den fylkeskommunale Tysevegen. Det beste me kan gjera, er å selja inn prosjektet gjennom dei rette fylkeskanalane og vona på snarleg plassering høgt på lista, seier  Epland.