Ungdomsrådet:  – Månadskortet for buss  for dyrt

Det kommunalt valte Ungdomsrådet i Stord har hatt sitt første møte i  det nye året, der mellom anna  busstilboda og ruteendringar var til drøfting. Ungdomane hadde klare meiningar å senda frå seg, går det fram av  protokollen:

– Ungdomsrådet synest at  prisen på ungdomskort er for høg. Det er ikkje alle som har råd til 400,- kroner i busskort i månaden, i tillegg til at ungdomskortet ikkje gjeld for heile fylket. Dette synes me at det bør. Prisen på enkeltbillett burde vera lågare på dei over 16 år. Det er for dyrt med 40,kroner for ein enkeltbillett. 

Om skuleruta, seier rådet:

–  Det er ynskje om fleire skulebussar, då yrkesskulen har flytta ut på Heiane. Der går det ingen skulebuss. I tillegg er skulebussane ofte alt for fulle, slik at fleire ungdommar må stå. Dette er ikkje trafikksikkert og forsvarleg.

I uttalen som blir vidaresendt Skyss,  er det også teke inn eit ønskje om betra  ruteinformasjon:

– Faste busstider bør haldast. Verken gå tidligare eller koma for seint. Skyss-appen burde bli oppdatert, slik at den samsvarar med bussrutene som ligg på nettsida, og er korrekt med dei rutene som går.