Stord Jazzklubb slår på blues-stortromma komande helg, med to konsertar både fredagskvelden og laurdagskvelden. For dei som frekventerte dansane og konsertane for 30 – 40 år s sidan ( og kanskje enno lenger attende), blir det spennande å høyra att Kurt Slevigen. Med gitaren stod han på fleire scenar rundt oss då, no stiller han i Kurt Slevigen Duo, og lovar nedstrippar blues med sjel. I andre konserten fredag får me høyra stordbandet Tubesnakes med 30 år i bluesfarten og i full sving med innspeling av nytt album texas-blues.
Atle Hansen med bandet Bømlablues og koristane i MaMaK opnar bluesfesten laurdag kveld. Her blir det mellom anna bydd på kjende melodiar med nyskrivne tekstar. Veteran i sjangeren, Arne Skage & The Procastinator avsluttar bluesfesten.
Utfyllande informasjon om artistane er å finna på Stord Jazzklubb si nettside.