Ønskjer nytt namn på skulehuset

Huglo skule bør skifta namn, meiner bygdalaget – og ber godtfolk koma med forslag. (Foto: Steinar Hystad)

Skiltet som varslar elevar langs vegen står framleis fast, det same gjer  Huglo skule- sjølv om det byrja bli mange år sidan det sist vart drive undervisning for  grunnskulen i bygget.  Som andre skular i heradet var det kommunen som eigde og drifta.  Nokre år etter nedlegging på Hulgo og overgang til transport til Rommetveit skule, vart bygget selt/overdrege  til bygdalaget.  Både tidlegare skulestover og gymnastikksal er flittig i bruk.

No meiner styret i laget tida er komen for namneskifte.  På Huglo.no  er denne  meldinga lagt ut:

«Huglo bygdelag ynskjer å endra namn på skulehuset vårt. Me har fått fleire innspel på at “huglo skule” treng eit nytt navn som er betre egna til både bruk og formål. Det nye namnet vert avgjort og kunngjort under årsmøtet 23.mars. Eventuelle forslag kan sendast til huglobygdelag@gmail.com.

Det vinnande forslaget vert premiert!»