Innglasing – då må det søkjast

Naboar må varslast om det er planar om innglasing av terrrassen. (Foto: Steinar Hystad)

Det er kome mange  husvære med  terrasse i «høgblokker» sentralt i hamnebyen Leirvik. Innglasing av terrassen kan lett gje ei triveleg utestove, skjerma for ver og vind og med god utnytting av varme frå sjeldne solgløttar. Eining for regulering, byggesak og oppmåling i Rådhuset har frå ein husværeigar fått spørsmål om terrasse-innglasing krev byggemelding til kommunen. Svaret er JA, med forklaring.

«Innglasing av terrasse er eit søknadspliktig  tiltak etter plan- og bygningslova. Det må sendast inn søknadsskjema for løyve til tiltak, og søknaden krev ansvarsrett med a nsvarleg søkjar (føretak) for prosjektering og utføring, jf. § 20-3 i plan- og bygningslova. Naboar må varslast.»

Vidare tipsar kommunen om at det må leggjast ved situasjonsplan med mål og det same med fasadeteikningar.