I går hadde Stord eldreråd første møte i år. Dei hadde invitert ordførar og kommunalsjef for å dele informasjon om saker som pågår.
Ordførar Gaute Straume Epland (Ap) informerte om vedteke budsjett. Kommunalsjef Anne Karin Fossdal informerte om utfordringa med å ta imot utskrivne pasientar, og forstudie om nye institusjonsplassar der produksjonskjøken vert inkludert.
Kvar kommune og fylkeskommune skal ha eldreråd. Alle saker som gjelder eldre skal handsamast i rådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.
Formålet med eldreråd er å bidra til å sikra ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld eldre.
Me har også ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Stord kommune. I tillegg har me kontaktutval for innvandrarar og flyktningar.
Alle politiske møte er opne for ålmenta.
Denne saka er henta i sin heilskap frå Stord kommune sine nettsider.