Stord Innkvartering AS riggar for tida til den tredje lange lekteren med 176 brakker på dekket. Dette skjer med Nattrutekaien som landbase. I middgastida tysdag var arbeidet kome halvvegs, ved at 88 brakker var sette om bord. Såleis var det tid for å snu lekteren «med andre kinnet til». Den jobben vart elegant uført av to samarbeidande slepebåtar. Ein drog, andre snudde den mørkeblå farkosten ute på Vikafle – før lekteren vart dregen til lands igjen og lagt trygt til kai . Dette er den tredje flytande brakkeriggen som går frå Stord Innkvartering til Odda, der operatørar som jobbar med utviding av Boliden har bustad i anleggsperioden. Brakkene som blir heiste om bord frå Nattrutekaien kjem på trailer direkte frå fabrikken i Moelven.