På eit skilt på eit fortau i «Sydens land», var det teikning av eit hund som hadde hatt eit slepp, på fortauet. I snakkebola over det fortvil hundefjeset, stod det: «Hadde eg kunna, skulle eg sjølvsagt ordna opp etter meg. Men som de skjønar, den oppgåva må eg ha hjelp til».
Skilt med slik bodskap er det diverre trong for lokalt på øya vår også, av den trasige grunn at det ligg for mykje hundeskit der godtfolk trakkar og går. Hundebommelommen blir liggjande lenge, og forvinn han, ja, då er det som påheng under tur- og spasersko. Og då er han gjerne på veg inn på eit teppe. Ver så snill – ta det med.