I godt samarbeid mellom Stord kommune og fylkeskommunen vart det bygt fortau og langt VA-røyrar på deler av Litlabøvegen. Strekningen frå Nedre Litlabø til Stuva er blitt reine prakteksemplar på trafikktryggleik med stålskilje mellom bilar og gåande/syklande. Frå stuva mot krysset E39 i Lønningsdalen, og motsette vegen frå Nedre Litlabø mot Isdal, er det i mangel på fortau framleis like utriveleg å vera «mjuk» trafikkant, som det alltid har vore.
– Blir det arbeidd for tryggare Litlabøveg heile vegen, ordførar Gaute Epland?
– Ja, planane for vidare fortau, i begge endar, er for så vidt klare og godkjende, og me purrar vegeigar så godt me kan om å få ting gjort. Det er Vestland fylkeskommune som eig vegen, kommunen har ingen vidare planar for utbygging av vatn og avløp i detteområdet. Så det blir å venta og håpa på fylkesløyving.