Ber om oftare buss frå Sandvikvåg

Bør få oftare buss mot Leirvik frå ferjekaien i Sandvikvåg. (Ill.foto: Steinar Hystad)

Skyss, som har ansvaret for det kollektive rutetilbodet i fylket,  ber i desse dagar  brukarane og andre kome med forslag og innspel til endringar til det betre.  Det kommunale kontaktutvalet for innvandrarar og flyktningar i Stord drøfta saka på møtet nyleg og forma følgjande uttale:

«Kontaktutvalet er godt nøgd med fleire av skyss sine rutetilbod 2023, men meiner at:

– Rutetilbodet til og frå Sandvikvåg, Leirvik, bør bli betre då det vert for lenge å venta opp til to timar på ferjekaien dersom ein ikkje har eigen bil eller det fell for dyrt å ta Kystbussen.

– Det må oppretthaldast eit godt kollektivtilbod med buss og ferje på Huglo, også når det ikkje er skule.

– Godt kollektivtilbod er eit viktig miljøtiltak