– Nyttårskonserten er tilbake til det vanlege tidspunktet, som er nest siste laurdag i januar, i år den 21. Me i laget ser alltid fram mot denne ettermiddagen. I år vil me kunne framføra eit variert program med mykje av det laget har jobba med i inneverande sesong, mellom anna frå vestlandsmeisterskapen der me i fjor haust vann vår klasse. Også i år har vi med gjester frå kulturskulen, skriv Stord Musikklag på nettsida si.
Som det har vore vanleg siste nyttårskonsertane, nyttar Stord kommune den musikalske samlinga som arena for å dela ut prisar knytt til kulturelt arbeid. Laurdag komande skal så Den kommunale kulturprisen for 2022 tildelaste Olsen og Jensen Viseklubb ved Endre Olsen og Vidar Hope. Målprisen blir tildelt serveringsstaden Åtgaum, medan Eldsjelprisen blir tildelt Torbjørn Marthinsen for god leiing av Venelaget for Gruo. Tilgjengeprisen 2022 blir tildelet Stord Flyktningeteneste. Magnhild Halland vart fjorårsvinnar av det kommunale kulturstipendet.
Mykje å gleda seg til i storsalen i Kulturhuset, med andre ord.