Sjøbad for Kompani Laurhammar

Alle måtte uti sjøen som heldt 5-6 grader pluss. (Foto: Steinar Hystad)

– Hæærrli, sa den unge mannen, nett komen opp frå sjøen ved Notahaugsbryggjo

– Det kan du ikkje meina, kommenterte den huttrande skribenten

– Faktisk fleire varmegrader i sjøen enn på land, fastslo badaren.

Han var onsdag føremiddag ein av vel 60 elevar på Stord Folkehøgskule som deltok i badedagen.  

Eit prosjekt gjennomført i beste militære ånd, med påmelding og avmelding til «befalet». Ikkje så lite inspirert av Kompani Lauritzen (frå  TV) – men lokalt på Vikjo avvikla under namnet Kompani Laurhammar, sidan rektor ber etternamnet Laurhammar.