Hermetikkindustrien på Leirvik – ny utstilling

Soga om hermetikkindustrien på Leirvik har fått sin del av  veggen  i Stord Maritime Museum. (Foto: Steinar Hystad)

Kvar tysdag året gjennom er 18 til 20 frivillige «på jobb» i lokala  til Stord Maritime Museum på Nattrutekaien. Det vert det drive vedlikehald, fornying av utstillingar og tilrettelegging av lokala,  og mekking på  båtmotorarar sjølvsagt. Nær  tre tusen  timar dugnad er det vanlege per år. I fjor kom det til ei ny utstilling kring hermetikkindustrien rundt hamnebassenget i Lervik. I bilete og tekst kan publikum oppdatera seg på det som var: Thiiisafabrikken, «Gravdalsfabrikken» og Bøschen.  

Venelagsleiar Gunnar Bjørk omtalar driftsåret 2022 som godt brukande, både når det gjeld besøk og løyste oppgåver.

– Med tilskot frå kommunen, lokale verksemder, kontigentar og grasrotdeler, har den økonomiske stoda vore tilfredstillande. Venelaget takkar alle støttespelarar for bidraga. Midlane er viktige for å kunna ta vare på den denne unike samlinga av maritim historie. 

Bjørk legg til at Stord-skulane er flinke til å bruka det museet i undervisninga, og at skule og born ikkje betalar for inngang og innsyn i den sjønære soga vår.

Siste besøk i 2022 var nyttårsaftan, då ei gruppe frå Risdal Touring sin Nyttårstur til Stord Hotell, tok turen ned til maritimt museum.

Desse gjeste kom innom nyttårsaftan og ønskte sjå, og høyra, ein god gamal Sabb. Og det kunne naturlegvis museet by på. (Foto: Steinar Hystad)