Pris for godt tilgjenge

Flyktningtenesta sorterer under Stord kommune (Ill. foto: Steinar Hystad)

Det kommunale Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har gjort klar årsmeldinga for 2022, der ein mellom anna får dette positive vedtaket:

– «Prisen for godt tilgjenge» gjekk til  Stord flyktningteneste, med følgjande grunngjeving:

«Flyktningtenesta har gjort ein enorm jobb  på kort tid for å ta imot mange flyktningar som er ramma av krig, både i Europa og andre delar i verda. Dei gjer sitt beste alltid, for å gi ein god start i samfunnet for alle, særleg barnefamiliar»