«… for better beer»

Moderne øltønne på «rømmen» (Foto: Steinar Hystad)

«United we stand for better beer» er slagordet på plakaten på den høgst moderne øltønna som kvilte ut under eit av trea framfor Stord rådhus søndag føremiddag.

Noko usikre på om dette kan vera ei «attegløymsla», men stordront.no føler likevel for å tips mogleg eigar om kvar plasttønna er/var å sjå på nemnde tidspunkt. 

Sett med miljøaugo vil med tru og vona det er pant også på denne typen emballasje for flytande vare.