Nokre dagar attende i tid vart det via stordront.no sendt ut eit hjartesukk kring vass-samling i nordgåande køyrebane inst i Borggata. Ein innsjø som lagde seg til bak fartshumpen nett før Frugardsbrua. Det kunne sjå ut som om ein sluk i område ikkje lenger slukte unna regnvatnet.
Noko som viste seg å vera rett, når mannskap frå Mesta tidlegare i veka tok affære. Lauv, i mengde nok til å fylla ein bossekk, vart henta opp frå sluken under fortauet – og dermed rann og forsvann vatnet som planlagt.