– Kva er spesielt med den, tru?

Enn så lenge er det berre mogleg å lesa om Stordastraumen…

I søk etter straum til pris kjekk pris, stakk piltastaren innom Haugland Kraft sine nettsider. Og kva gøyal straum dukka fram under punkt 2.8? Jo, Stordastraum! Då reiste seg eit nytt spørsmål: – Snakkar me her om vindstraum frå møllene på Midtfjella, eller vass-straum frå Lundsseter eller Børtveit? Sjølvsagt hadde det vore greitt og prøvt rein heimalaga og berekraftig straum til konkurransedugande pris, men det fekk bli med lysta og tanken.  

I punkt 2.8.1- fekk me denne informasjonen:

«Stordastraum avtalen er en spotavtale hvor du betaler det same som Haugaland kraft kjøper strømmen for +39 i måneden. I tillegg kommer et påslag  på 1,7 øre/kWh inkl. lovpålagte elsertifikater og mva.»

Absolutt interessant – men så kjem  punkt  2. 8. 2. med  endeleg faktum:.:«Avtalen er ikke lenger tilgjengelig»

Men kanskje ein gong….