Spør om demenskor på Stord

Frå serien Demenskoret (Skjermdump, NRK)

– At song og musikk fører til auka glede i kvardagen vert bevist gjennom NRK sin nye serie om Demenskoret. Der vert det oppmoda til å starta liknande kor over heile landet, kor som ikkje berre er til for songglede og sosialt samvære, men som også er eit musikkterapeutisk tilbod til demente.

Sitatet er å lesa  i eit spørsmål Atle Hansen (SV) har meldt inn til første kommunestyremøtet i Stord i det nye året. Hansen innleiar med å minna om at song og musikk er til både glede og nytte for menneske med demens. Personar som elles slit med minnet og manglar ord, kan syngja og hugsa lange songtekstar.  Det vert forska på om song og musikk kan har rein helsebringande effekt for demenssjuke.

SV-politikaren ønskjer svar på desse konkrete spørsmåla:

– Kva kulturelle og musikalske tilbod finst til demente i Stord kommune? Finst det eit musikkterapeutisk tilbod til denne gruppa?

– Finst det planar i Stord kommune for å setja i gang med eit demenskor eller likande? Dersom ikkje, er det mogeleg å få i gang eit slik kor eller andre musikkterapeutiske tiltak for demente?