Kan vera fleire 100 år gamalt

Eik – på skap som skilpaddeskal – kan vera fleire hundre år gamalt. (Foto: Steinar Hystad)

Med litt ekstra fantasi, kunne ein sjå føre seg at det var eit større skilpaddeskal  som hadde reke i land i huglastranda ved Langenuen. Nærare  innpå  teikna det seg bilete av trevirke, godt vasstrukke.

– Eg hadlar mot eit gamalt stykke eik, kanskje fleire 100 år,  seier trepleiar Stig Kjoberg Almås etter å ha studert bileta stordront.no sender over  på  mobilen.

– Eik og nokre andre lauvtre har den spesialiteten at dei kan rotna innvendes, medan dei blir haldne i live og står oppreist grunna fullt liv i dei ytre årringane. Gjennom  ringane  blir det transportert livgjevande vatn, til det ein gong skjer eitkvart med treet. Delen som vart funnen i stranda på Huglo kjem nok frå ei stor eik, gjerne ei som har stått nær sjøen, meiner Kjoberg Almås.

Han fortel om eit oppdrag for å sjekka sjeldant store og gamle eiker i Sveio, kor det var så romsleg  innom frisk bork og  ytre årringar at han sjølv i eigen person kunne gå «oppi  og inni» stamma. Dei trea er verna.

Innvendes ser eike-delen slik ut etter lang tid i sjøen. (Foto: Steinar Hystad)