Ber igjen om 60 km/t heile vegen

På Tveita blir 60 sona oppheva – Fitjar kommune ønskjer skilta fjerna og 60 sone fram til Årbø/Rydland. (Foto: Steinar Hystad)

– Me ser at det er ein del vesentleg informasjon som ikkje var komen med då, og prøver oss difor med ny søknad.

Dette skriv fitjarordførar Harald Rydland i brev han har sendt Vestland Fylkeskommune i håp om at farten på Fv 545 kan setjast til 60 km/t også mellom Årbø og Tveita. Fitjar  kommune har hatt ønskje om redusert fart på den kilometerlange 80-strekningen lenge, men har ikkje fått gjennomslag hittil. 

Fv 545 frå krysset på Rydland til sentrum er 6,5 kilometer lang, og har 60 som fartsgrense, bortsett frå 1 km på svingete og uoversiktleg veg, nettopp mellom Årbø og Tveit. Der er det 80 km/t. Ordføraren peikar på sju gode grunnar til å redusert fart.

Dette gjeld av- og påkøyrsler til fylkesegen, frå sagbruk og parkeringsplassen på Dalshaugane, på toppen av Grovabrekko ventar ein krapp sving med avgrensa sikt, der er avkøyring til private vegar og jordbruksland og så er det fleire stader lang fylkesvegen kor hjort har faste kryssingspunkt. 

Rydland avsluttar brevet med å invitera det fylkeskommunale vegmyndet til synfaring.