Tett i overgangsfeltet som leiar mjuke trafikkantar trygt over starten på Ådlandsvegen (Tysevegen), ved Frugardsbrua, har det laga seg til eit djupt hol i asfalten. Ikkje til meins for gåande, førebels, men etterkvart ein stygg stad å køyra nedi for bilar.
Straks stordront.no hadde knipsa biletet, dumpa ein mindre personbil nedi, og det er meir enn rimeleg grunn til å tru at sjåføren sa eitkvart kvasst som ikkje heilt høver i familiære julaselskap.
Grunnen til at denne nettstad meiner det er akutt trong for påfyll, er ambulansar på veg til og frå sjukehuset brukar vegen mange gonger dagleg. Ein smell i holet gjer det vondt og utriveleg for både pasient og ambulansemannskapet.