Tradisjonsrik «julatrefest»  på Kjøtteinen

Juletregange i fleire ringar i på festen torsdag. (Foto: Steinar Hystad)

Etter nokre års pandemifråvær kunne Velferden ved Aker Solutions torsdag igjen  by på tradisjonsgod julatrefest. Ein av etterjuls-samlingane med lengst  ansiennitet på øya, vil me tru. Og ekstra kjekt i år, var det å ha festen i eigne og fint renoverte lokale i Velferdsbygget.  

Chiclets, med like lang musikkfartstid  som sjølvaste «Rolling Stones» (61 år), stod for underhaldning med engasjerande barnetime og leia songen når det vart gått rundt  treet. Tre fire ringar måtte til for å gje plass til  store og små, og kring alle bord var det fullsett. 

Eit fast høgdepunkt for den yngste garden er naturlegvis når nissen med sekken bankar på døra og kjem på gåvebesøk. Det blei ein triveleg  ettermiddag i Velferdsbygget.