Snart er han vekke

Vindusfabrikken er godt sliten og blir riven i løpet av månaden. (Foto: Steinar Hystad)

Tosdag kunne det meldast at «Klingsheimshuset» i Øvre Borggata vart rive. Her kjem melding om at eit kjent bygg i hamnebiletet for Leirvik, Vindusfabrikken, står for tur til å bli  fjerna. Dei to bygga har til felles å stå på tomta der  bustadkomplekset  Leirvik sjø er planlagt.

– Me starta med  bygget oppi gata for å kunna laga tilkomst til sjøen.  Der er ein veg ned til fabrikkbygget, men lastebilane av i dag krev noko meir plass enn bilane som stod for transporten den gong fabrikken var i drift, så det er trong for utviding. Vegen går framom «Ullabuo», den er av kulturhistorisk interesse og skal takast vare på, seier Bjørn Øyvind Jørgensen  i Leirvik Sjø AS.

– Kva tid blir det utbygging av området?

– Førebels er det sikringsarbeid som er øvst på agendaen, men planarbeidet går jamt utan at eg kan gje dato for igangsettinga no, seier Jørgensen til stordront.no.

Leirvik Sjø AS er eit samarbeidsprosjekt  mellom Engelsen Ettf og Ingenør Ø. Jørgensen AS.