Kommunen  går for gangvegen frå Bandadalen

Vegmyndet i Stord går for gangsti frå  Bandadalen ned mot  Fv544.

På  informasjonsmøtet om nye Stord vidaregåande skule, som vart halde tidlegare i veka, vart det frå naboar stilt, konkret spørsmål om kva som ville skje med tur- og gangvegen som i «alle år» har gått gjennom skuleområdet på Vabakkjen. Rykte har versert om at  ny gangveg skulle leggjast bak og vest for skulen i anleggstida. Det har skapt reaksjonar.

Smil og «lettelsens sukk» hjå naboar då ansvarleg i  entreprenørfirmaet Consto opplyste at det går mot ei løysing der ein følgjer den mykje brukte  gangvegen som ligg der, men bryt av  før inngangs til skuletomta og fører dei gåande og syklane  framom trafostasjonen og ned mot fortauet lags Fv 544.

Anne Randi Naurstad  er vegmynde i Stord kommune og har gjeve tilrådinga i sak, der ho mellom anna skriv:

«Gangvegen gjennom yrkesskuletomta er ein svært viktig del av det eksisterande gang- sykkel- og turvegnettet i området. Gangvegen er m.a. skuleveg for Stord kristne skule, for bakanforliggjande bustadområde som tilkomst til ungdomsskule, vidaregåande skule, fritidsaktivitetar, busshaldeplass og til kryssingspunkt over fv 544, samt at vegen i dag er del av ein merka kommunal lysløype. Gang- og sykkelvegen er mykje brukt og eg kan ikkje sjå at det finns gode alternativ viss vi stenger gangvegen i anleggsperioden. Alternativet er via E39 som ikkje har fortau eller via Bandadalen til sentrum, noko som er ein lag omveg. Eg vurderer at ein gangforbindelsen må oppretthaldast i området i anleggsperioden. Du viser to alternativ, eit alternativ rundt skulen sitt anleggsområde og eit ned stien ved transformatorstasjonen. Eg trur nok den kortaste traseen vil verte føretrekt av dei gåande.»