Slik blir nye vidaregåande fullt utbygt

Førte byggjsteg for yrkesfag kjem til venstre – når Stord VG blir samla ein gong – skjer det med påbygg mot høgre (Teikning: Link Arkitektur)

Skissene er klare, og imponerande, for det som kan bli ein samla versjon av ny Stord vidaregåande skule på Vabakkjen.   Enno ei tid må det skrivast «kan bli», fordi  det fylkeskommunale vedtaket som gjeld går på riving av noverande og bygging av ny «yrkesskule». 

Rivinga tek til  16. januar i år og ny superskule med uteareal og atrium skal vera klar til bruk hausten 2025. Det skal investerast rundt 500 millionar kroner  i første byggesteg, som skal gje ein ny skulekvardag for 475 elevar og 100 tilsette. I byggeperioden held elevane til i AMO-bygget på Heiane og ein  brakkeavdeling på Vikahaugane.

Planar og skisser vart  presenterte på eit opne møte i konsertsalen på Stord Vidaregåande onsdag  kveld, for eit publikum som burde vore større når så store ting skal skje på Stord. Nyeskulen blir eit luftig bygg i tre og mykje glas  med  vekt på  universell utforming ute som inne. Link arkitektur har teikna, og Consto AS som har totalentreprisen gjer rekning med å bruka  lokale underleverandørar etterkvar som arbeidet skrid på fram. Gjenbruk står sentralt i riveprosessen.

Naboar til yrkesskulen som var på info-møtet likte godt å høyra Rune J. Vonheim frå Consto fortelja at den mykje brukte gangvegen frå Bandadalen ned anlegget skal leggjast litt om i byggjeperioden, slik at det blir gå og sykkelveg ned mot trafostasjonen og Fv 544. 

Noko uvisse enno, når det gjeld  tilførslevegen til skulen.  Av trafikkale årsaker ønskjer kommunen å «flytta» avkøyringa frå  fylkesvegen frå noverande kryss og byggja en fjerde arm på til rundkøyringa ved Circle K.  Ei løysing det er kome motsegn til. Krefter har også jobba for at Stord vidaregåande skule i framtida bør få tilkomsten sin via  E39 og krysset ved Kiwi i Studalen.