– Inviterer til farleg vegkryssing

Ingen hinder for den tenkjer seg over E39 i Lønningsdalen. (Foto: Steinar Hystad)

– Slik gangveg-systemet er etablert på sida mot Hadlabrekko i Lønningsdalen, er det slik eg ser det ein invitasjon til kryssing av E39 midt i eit farleg kryss. Det er ikkje etablert noko fysisk hinder. Eg synes det er rart at denne løysinga er godkjent, skriv ein turgåar til stordront.no.

Det er lett å gje vedkomande rett. Følgjer ein stien vidare er det saksebom ved overgangsfelt i Studalen og på stien mot yrkesskulen.

Om det kan vera direkte farleg å kryssa OPPÅ E39, er det lagt til rette for sikker kryssing UNDER Europavegen. Kjem ein frå Studalen brukar ein undergangen og tek  til høgre når ein kjem ut att i friluft, der leiar grusa veg til smal gangsti langs Litlabøvegen.