Torsdag vart «Klingsheimshuset» rive og med det vart det ei markert endring av bybiletet i den eldre delen av hamnebyen Leirvik. Sjølve huset har stått tomt ein del år og byrja etterkvart merka alder og slitasje av ver og vind. Ein høveleg kraftig «brøyt» tok seg av sjølve rivejobben. Når tomten no blir rydda, vert området ein del av prosjekterte husværeanlegget Leirvik sjø.