Stord brann og redning innførte dagkasernert beredskap i byrjinga av desember 2022, og dei to siste nytilsette starta i dag 2. januar 2023.
Vegen vidare vert samkjøring, øving og kompetanseheving, i tillegg til at dei fire nye får kvart sitt delegerte ansvarsområde.
Dei nytilsette er Leif Erik Sæterdal, Daniel Aleksander Danielsen, Kristian Tytingvåg Skard og Tobias Grangård.
Dagkasernert betyr at brannstasjonen har mannskap i kontinuerlig vakt på stasjonen innanfor vanleg arbeidstid. Resten av døgeret vert det brukt innkallingsmannskap.
Saka er henta frå Stord kommume sine nettsider.